I følge Naturvernforbundet har oppdragsgiver olje og energidepartementet påvirket resultatene vedrørende hva turistene mener om vindmøller i forhold til uberørt natur.

Sogn Avis: http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article5401626.ece

 

Krev gransking

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner folk i Noreg har vorte rundlurte av kyniske politikarar og kraftselskap.

Publisert 01.12.2010 kl 14:48 Oppdatert 01.12.2010 kl 15:01

I mars 2009 vart det publisert ein forskningsrapport frå Vestlandsforsking som heitte ”Vindkraft, reiseliv og miljø - en konfliktanalyse”.

Rapporten skulle sjå om det ville bli eventuelle konfliktar mot reiselivet og turismen om vindkraft vart bygd ut slik stat og regjering hadde som målsetjing, 20 TWh innan 2025.

Media presenterte eit resultat som sa at det ikkje var nokon slik konflikt å finna. Rapporten slo bein under alle motstandarar av vindkraft. Denne veka avslørte Aftenposten at rapporten har vore forsøkt manipulert av Olje- og energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat, seier Hans Christian Hansen i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Han seier årsaka var at forskarane fann ut at det var konflikt mellom reiseliv og utbygging.

Turistane var villige til å akseptera vindkraft i Noreg berre dersom den kom som ein erstatning for forureinande kraft som til dømes kol, og dermed fører til reduserte klimautslipp. Og spørsmålet vart då: Gjer det det? Neppe, svarte forskarane, seier Hansen.

Naturvernforbundet meiner dette er ein skandale og at det bør koma ei intern og ekstern gransking av kva som eigentleg foregår i Olje og energidepartementet, heiter det i ei pressemelding.

– Folk i Noreg har vorte rundlurte av kyniske politikarar og kraftselskap. Nokon i OED bør stå til ansvar for dette, seier Hansen.