Oppdatert 5. april 2023 ved Jan-Erik Gullheim
I følge Naturvernforbundet har oppdragsgiver olje og energidepartementet påvirket resultatene vedrørende hva turistene mener om vindmøller i forhold til uberørt natur.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner folk i Noreg har vorte rundlurte av kyniske politikarar og kraftselskap.
Publisert 01.12.2010 kl 14:48 Oppdatert 01.12.2010 kl 15:01
I mars 2009 vart det publisert ein forskningsrapport frå Vestlandsforsking som heitte ”Vindkraft, reiseliv og miljø - en konfliktanalyse”.
Rapporten skulle sjå om det ville bli eventuelle konfliktar mot reiselivet og turismen om vindkraft vart bygd ut slik stat og regjering hadde som målsetjing, 20 TWh innan 2025.
– Media presenterte eit resultat som sa at det ikkje var nokon slik konflikt å finna. Rapporten slo bein under alle motstandarar av vindkraft. Denne veka avslørte Aftenposten at rapporten har vore forsøkt manipulert av Olje- og energidepartementet og Norges vassdrags- og energidirektorat, seier Hans Christian Hansen i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.
Han seier årsaka var at forskarane fann ut at det var konflikt mellom reiseliv og utbygging.
– Turistane var villige til å akseptera vindkraft i Noreg berre dersom den kom som ein erstatning for forureinande kraft som til dømes kol, og dermed fører til reduserte klimautslipp. Og spørsmålet vart då: Gjer det det? Neppe, svarte forskarane, seier Hansen.
Naturvernforbundet meiner dette er ein skandale og at det bør koma ei intern og ekstern gransking av kva som eigentleg foregår i Olje og energidepartementet, heiter det i ei pressemelding.
– Folk i Noreg har vorte rundlurte av kyniske politikarar og kraftselskap. Nokon i OED bør stå til ansvar for dette, seier Hansen.